onsdag 28. januar 2009

Byrjinga på eit nytt og bedre liv




No set eg her trøytt og sleten, medan eg høyrer den mjuke sildringa tå vatnet i dusjen. Anki vaskar tå seg sveitta. Det skal eg og gjere etter på. Me byrja i dag, no i sta, på eit nytt og bedre liv. Me har no jogga rundt Gartveit, og er svært stolte. Eg var faktisk i betre form enn eg trudde. Det var ikkje so hardt som eg førestilte meg, men for Anki, som nett hadde vakna frå middagskvilen, var det litt værre. Men, me gav oss aldri, og kom oss rundt!






Eg er rørt stolt av oss og vonar det vert ein vane å trene musklane i kroppane våre :-)

Kaksne

Eg tenkte eg skulle fortella litt om den siste tida som har gått, og eg får vel begynne med då eg og Anja var kaksne og budde på hotell i byn. Me fekk da skikkelig for oss ein dag me satt her heima i 15m2'en, og heiv oss på ein buss. Me booka oss inn på Travel hotell, som i seg sjøl va ganske praktisk for da låg rett attåt fotballen. Hotelle va flott, og me var nøgd.
Etter nåken øl fekk me besøk av Arne og Martin (to tyste jeklar for dei som ikkje veit ken di e). Detta va ganske kosli. Når me var lei hotellrommet og følte for å vera litt sosial, tusla me ne te hotell-pub'en. Her vart da ein del glas på kvar før me kom oss ut.

Siå desse gutane e litt eldre enn oss, so ville dei ha oss me på Scotsman, men me kom jo ikkje lengre enn te dørstokken. Men om da e flaut, so hadde ikkje Arne komt seg inn på Ovenpå, for der e øvre aldersgrenså 23! :p
So teslutt so enda me på fotballpuben. Her va da masse ymse. Anja og Arne fekk goo kontakt med eit eldre par. Eg trur dei va swingers.. :S

Menmen, teslutt for alle te sitt. Frukosten gjekk me då glipp av, men alt i alt va da ein arti, kaksn kveld..:)

På jobb

No har eg sneke med meg dataen min på jobb og faktisk so får inn eit snigle treigt internett! Ganske so kjedli å stå her heilt åleina. Da er ein utlendig so står her då. Trur han har stått her inne ein time no. Litt småskummelt, kanskje han planlegge eit ran? Fleire gonga når eg har heldt på me noke so har han plutseleg stått rett atme meg, og når eg ser opp so kvekke eg og lage lyd, enno meir småskummelt! Men, han spurde istad om da var greitt at han sto her og at han skulle ta bussen i halv 11 tida : Men, no byrjar bingoen som mange av mine kjekke vener skal spele og eg håpar på ei helsing!

Eg er ganske so sleten i dag. Anki og eg skulle vere kaksne i går og tok inn på Travel Hotel Bergen ved Fotballpuben! Me fekk med oss Arne og Martin og me tok oss nokre glas:) Eg var også ein tur opp på Naturhistorisk Museum :)

onsdag 14. januar 2009

Halvveis uti vekå

I dag vart da ein treig start på dagen. Me drog oss leeeenge i senijo før me sto opp. Anja va ein kvitrande morgonfogl som alltid. Anki va morgongretten.
Og om ikkje dagen va seig nok fra før av, so skulle den bli endå litt seigare.
Då me starta bilen og hadde begynt å kjøra, merka me ein merkelig lyd. Pottå va dotten tå, so me måtte gå opp t skulen... Seigt ja.

Ette ein kopp kaffi, og to, kom humøre seg. Skuledagen fauk avgårde, og me reiste heim og fann ut at hybelkaninane begynte å sjå skremmandes levande ut. So me vaska og tørka støv. Ja, me va flink. Anja vaska t.o.m golvene for hånd!
Etterpå laga me graut. Mmm..!
:)

Om 15m2!






Ja, Anja og Anki, oss. Me måtte ha en plass å bu fort, og endte opp me å måtta flytta opp på en hybel på 15 kvadrat i Skårdalen. Men, me prøve å gjera da besta ut av da og å tenka positivt:)
So eg ska ramsa opp da so e positivt me å bu her;
- Me har sikkert den beste utsikten her i Øystese!
Om da skjer noke me Helsebanken so ser me da, om da e liv på Øvreviken eller Fjordhotellet! Me kan sjå ka som skjer ved Kiwi, Holmatun og Idrettshallen. Me ser omtrent alt, så berre pass på kva du gjer! Elles so har me kjempe flott utsikt mot den vakre fjorden og dei fantastiske fjella i Hardanger!
-Det er i Øystese!
-Det er billig å bu slik!
-Det er alltid varmt og godt her!
-Da blir intimt og godt om me skal ha folk på besøk
-Me treng berre strekkja ut armen vis me er svoltne om natta
-Ein veit alltid kva den andre gjere når den er på do, så du slepp å spørje
-Når det er så lite, så blir det heller ikkje så masse og rydda og vaska!
-Me får alltid med oss kven den andre tar med seg heim
-Hybelen er i og seg sjølv nydeleg!
-Flott uteareal, med benk!!
-Me får ha fest så lenge politiet ikkje kjem på døra
-Me har ikkje kanalar på tv'en, så me vert ikkje sittande å sjå på tv heile dagen


Første dagen me sku bu her så var det ikkje seng, så då fekk me liggje på gjesterommet til den kjekke husverten vår. Sjølv om det var litt pinleg, så var det verkeleg snillt! Ei skikkeleg go jenta da der!!
Men, no har me fått oss sovesofa, siste skrik frå Paris! Men, det vart litt trangt å sove 2stk på den, så Anja søv no på ei madrass på golvet. Der skrattar og ler og kosar ho seg. Skikkeleg heimafølelse:)

So me har det kjempeflott! Så får me håpe me ikkje vert for gode venniner her;-)





Sofapute
Me nyttar det ein har