onsdag 14. januar 2009

Om 15m2!






Ja, Anja og Anki, oss. Me måtte ha en plass å bu fort, og endte opp me å måtta flytta opp på en hybel på 15 kvadrat i Skårdalen. Men, me prøve å gjera da besta ut av da og å tenka positivt:)
So eg ska ramsa opp da so e positivt me å bu her;
- Me har sikkert den beste utsikten her i Øystese!
Om da skjer noke me Helsebanken so ser me da, om da e liv på Øvreviken eller Fjordhotellet! Me kan sjå ka som skjer ved Kiwi, Holmatun og Idrettshallen. Me ser omtrent alt, så berre pass på kva du gjer! Elles so har me kjempe flott utsikt mot den vakre fjorden og dei fantastiske fjella i Hardanger!
-Det er i Øystese!
-Det er billig å bu slik!
-Det er alltid varmt og godt her!
-Da blir intimt og godt om me skal ha folk på besøk
-Me treng berre strekkja ut armen vis me er svoltne om natta
-Ein veit alltid kva den andre gjere når den er på do, så du slepp å spørje
-Når det er så lite, så blir det heller ikkje så masse og rydda og vaska!
-Me får alltid med oss kven den andre tar med seg heim
-Hybelen er i og seg sjølv nydeleg!
-Flott uteareal, med benk!!
-Me får ha fest så lenge politiet ikkje kjem på døra
-Me har ikkje kanalar på tv'en, så me vert ikkje sittande å sjå på tv heile dagen


Første dagen me sku bu her så var det ikkje seng, så då fekk me liggje på gjesterommet til den kjekke husverten vår. Sjølv om det var litt pinleg, så var det verkeleg snillt! Ei skikkeleg go jenta da der!!
Men, no har me fått oss sovesofa, siste skrik frå Paris! Men, det vart litt trangt å sove 2stk på den, så Anja søv no på ei madrass på golvet. Der skrattar og ler og kosar ho seg. Skikkeleg heimafølelse:)

So me har det kjempeflott! Så får me håpe me ikkje vert for gode venniner her;-)





Sofapute
Me nyttar det ein har

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar